Jeremias bok 51:6
Fly ut or Babel, og kvar og ein berge sitt liv so de ikkje tynest ved hennar misgjerning! For dette er ei hemne-tid for Herren; han vil gjeva henne lika for det ho hev gjort.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Genesis 19:15Det fyrste det tok til å dagast, skunda englarne på Lot og sagde: «Upp! Tak kona di og dei tvo døtterne dine som er her, so du ikkje skal missa livet for alt det vonde skuld som er gjort her i byen!»
Deuteronomy 32:25Ute herjar den kalde odden, og inne rædsla og støkk, tyner sveinar og tynar møyar, sylvherde og sugarborn.
Deuteronomy 32:43Love hans tenarar, lydar! Hemna vil han deira blod; mot valdsmannen vender han våpni, og løyser sitt land og sin lyd.»
Proverbs 13:20Gakk saman med dei vise, so vert du vis, men ilag med dårar gjeng det deg ille.
Jeremiah 25:14For velduge folk og store kongar skal trælka deim og, og eg vil gjeva deim lika for deira verk og for det henderne deira hev gjort.
Jeremiah 27:7Og alle folki skal tena honom og sonen hans og sonesonen hans, til dess tidi for hans land og er komi; då skal velduge folk og store kongar gjera honom til træl.