Jeremias bok 52:11
So stakk han ut augo på Sidkia, batt honom med tvo koparlekkjor og førde honom til Babel og sette honom i fangehus, der var han til sin døyande dag.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Jeremiah 21:7Og sidan, segjer Herren, vil eg gjeva Sidkia, Juda-kongen, og tenarane hans og folket og deim som er leivde i denne byen etter sotti, sverdet og svolten, i henderne på Nebukadressar, Babel-kongen, og i henderne på fiendarne deira og i henderne på deim som ligg deim etter livet. Og han skal slå deim med sverd-egg, han skal ikkje miskunna deim og ikkje vårkunna og ikkje tykkja synd i deim.
Lamentations 2:6Og han hev brote ned som av ein hage sin gard, øydelagt sin samlingsstad. Herren hev late både høgtid og kviledag verta avgløymde i Sion, og støytt ifrå seg konge og prest i sin harmfulle vreide.
Ezekiel 23:24Og dei skal koma yver deg med stridsmagt, vogner og hjul, og med ein flokk med folkeslag. Store skjoldar og små-skjoldar og hjelmar skal dei setja upp imot deg rundt ikring. Og eg vil setja deim til domarar, og dei skal døma deg med domarne sine.