Jeremias bok 7:13
Og no, etter di de gjer alle desse gjerningarne, segjer Herren, og eg tala jamt og samt, men de lydde ikkje, eg kalla på dykk, men de svara ikkje,
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Nehemiah 9:29Du vitna for deim um at dei skulde venda um til di lov; men dei var kaute og lydde ikkje bodi dine. Og dei synda mot rettarne dine, dei som det gjeld um, at når menneskja held deim, skal ho få liva ved deim. Tråssuge snudde dei ryggen til, gjorde seg hardnakka og vilde ikkje lyda.
Isaiah 50:2Kvifor fann eg ingen då eg kom? Kvifor svara ingen då eg ropa? Er mi hand for stutt til utløysing, hev eg ingi kraft til å hjelpa? Med mitt trugsmål legg eg havet turt, elvarne gjer eg til øydemark, so fiskarne rotnar for vatnet er burte, og dei daudar av torste.
Isaiah 66:4so vil eg og velja deira vanlukka og føra yver deim det som dei ræddast, for di ingen svara då eg ropa, og dei høyrde ikkje då eg tala, men gjorde det vonde i mine augo og valde det som eg ikkje lika.
Jeremiah 6:10Kven skal eg tala til og vitna for, so dei høyrer? Sjå, øyra deira er u-umskore so dei ikkje kann gjeva gaum; sjå, Herrens ord er vorte til spott bland deim, dei likar det ikkje,
Jeremiah 11:7For eg hev ålvorleg vara federne dykkar, då eg let deim koma ut or Egyptarlandet, og alt til denne dag, jamt og samt, og sagt: «Høyr på mi røyst!»
Jeremiah 13:10Denne vonde lyden, som ikkje vil høyra mine ord, som ferdast etter sitt harde hjarta og fer etter andre gudar, og tener deim og tilbed deim, han skal verta som dette beltet, som det ikkje er gagn i meir.