Jeremias bok 8:2
og breida deim ut for soli og for månen og heile himmelheren, som dei elska og tente, og som dei for etter, og som dei søkte, og som dei tilbad. Dei vert ikkje samla og ikkje gravlagde; til møk utyver marki skal dei verta.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Deuteronomy 17:3og, tvert imot det eg hev sagt, gjeng av og tener andre gudar, og bøygjer kne for deim, eller for soli eller månen eller heile himmelheren,
2 Kings 9:37liket åt Jezabel vert til møk på marki på Jizre’els-vangen, so ingen kann segja: Dette er Jezabel!»»
2 Kings 21:3Han bygde upp att dei offerhaugarne som Hizkia, far hans, hadde lagt i øyde, og reiste altar for Ba’al og laga Astarte-bilæte, liksom Ahab, Israels-kongen, hadde gjort, og kasta seg ned for og tente heile himmelheren.
2 Kings 23:5Avgudsprestarne som Juda-kongarne hadde sett inn, fekk avskil, dei som hadde brent røykjelse på haugarne i Juda-byarne og ikring Jerusalem, og dei som hadde brent røykjelse for Ba’al, for soli og månen og stjernorne i dyreringen og for heile himmelheren.
Psalms 83:10Gjer med deim som med Midjan! som med Sisera, som med Jabin ved Kisons bekk!
Ecclesiastes 6:3Um ein mann fær hundrad born og liver mange år, so talet vert stort på dagarne i hans liveår, men sjæli hans ikkje vert mett av det gode, og han so ikkje fær nokor jordferd, då segjer eg: Eit ufullbore foster er betre fare enn han.