Jeremias bok 9:10
Yver heidarne vil eg setja i med gråt og låt og yver beitemarkerne i audni med eit syrgjekvæde; for dei er avsvidne, so ingen fer der framum, og fe-rauting er ikkje høyrande der. Både himmelens fuglar og dyri er flydde og burtfarne.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Isaiah 49:19For ruinarne dine og grushaugarne og ditt herja land - jau, no vert du for trong for borgarane, og burte er dei som gløypte deg.
Jeremiah 2:15Ungløvor bura imot honom, let ljoma si røyst. Og dei gjorde hans land til ei audn, hans byar vart brende, ingen bur der.
Jeremiah 4:25Eg såg, og sjå, det fanst ikkje eit menneskje, og alle himmelens fuglar hadde floge burt.
Jeremiah 8:18Å, kva kan hugsvala meg i sorgi! Hjarta er sjukt i meg.
Jeremiah 12:10Hyrdingar i mengd øydelegg vinhagen min, trakkar ned odelsjordi mi; dei gjer den hugnadlege odelsjordi mi til ei øgjeleg audn.
Jeremiah 13:16Gjev Herren, dykkar Gud, æra, fyrr han let det myrkna, og fyrr føterne dykkar støyter seg på dei dimme heidar! De stundar på ljos, men han skal gjera det til daudeskugge, og lata det verta stumende myrkt.