Jeremias bok 9:12
Kven er so vis ein mann at han skynar dette, og kven hev Herrens munn tala til, so han kann kunngjera dette: Kvifor landet er i øyde lagt, avsvide som ei øydemark der ingen fer framum?
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Deuteronomy 32:29Var det vit i deim, vara dei seg; for då visste dei kvar det bar av.
Psalms 107:34fruktsamt land til ei saltheid, for deira vondskap skuld, som budde der.
Jeremiah 5:19Og når de då segjer: «Kvi hev Herren, vår Gud, gjort alt dette imot oss?» då skal du segja med deim: «Likeins som de sveik meg og tente framande gudar i dykkar land, so skal de tena framande i eit land som ikkje er dykkar land!»
Jeremiah 22:8Og mange heidningfolk skal ganga framum denne byen, og dei skal segja med kvarandre: «Kvi hev Herren fare soleis åt med denne store byen?»
Ezekiel 22:25Eit samansvore lag er deira profetar der, dei er som ei burande løva, ranande ran; sjæler et dei upp, eignaluter og dyrverdige ting tek dei, mange gjer dei der til enkjor.
Hosea 14:9Men du, Efraim! Kva skal eg med avgudarne meir? Eg bønhøyrer og ser til honom. Eg er som eit grønt cypresstre. Frå meg skal di frukt vera å finna. Den som er vis, han agte på dette, den som er vitug, merke seg det! For Herrens vegar er rette, og rettvise ferdast på deim, men illgjerdsmenner stuper på deim.