The Bible Software
Jobs bok · Studentmållagsbibelen frå 1921

Jobs bok 17

1Mi ånd er knekt, mitt liv er sløkt, no hev eg berre gravi att.

2Eg hæding finn på kvar ein kant, ved deira tråss lyt auga dvelja.

3Å, set eit pant for meg hjå deg! Kven elles skal meg handslag gjeva?

4Du stengde deira sjæl for skyn; difor vil du ikkje lyfta deim.

5Den som gjev vener burt til plundring, hans søner sloknar augo på.

6Eg er for folk til ordtak sett, som ein dei sputtar beint i syni.

7Mitt auga sjukt av sorger er, og mine lemer er ein skugge.

8Dei rettvise støkk yver slikt, og skuldfri harmast på ugudleg.

9Men rettvis mann sin veg gjeng fram, og magti veks hjå reinhendt mann.

10Men de - kom berre alle att! Eg ingen vismann finn hjå dykk.

11Og mine dagar dei kvarv burt; og mine planar slitna sund, dei som mitt hjarta emna på.

12Men dei gjer natti um til dag, som ljos var næmare enn myrkrer.

13Eit hus i helheim er mi von, i myrkret reider eg mi seng.

14Til gravi ropar eg: «Min far!» til makken: «Mor mi! Syster mi!»

15Kvar vert det då av voni mi? Mi von, kven augnar henne då?

16Til helheims bommar fer ho ned, når eg til kvile gjeng i moldi.»

← Jobs bok 16Read In The App, Free →Jobs bok 18 →

Study Jobs bok 17

KJVMatthew HenryJamieson-Fausset-BrownAdam ClarkeJohn WesleyJohn CalvinKeil and DelitzschScofieldFamily Bible NotesGeneva Bible Notes (1599)Reina-Valera (Español)Bíblia Portuguesa MundialLuther Bibel (Deutsch)Bible Louis Segond (Français)

All Chapters

123456789101112131415161718192021222324252627282930313233343536373839404142