Joel 2:1
Lat luren ljoma på Sion! Skrik høgt på mitt heilage fjell! Skjelve, alle i mannaheimen! Koma skal Herrens dag, ja, han er nær.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Numbers 10:2«Gjer deg tvo lurar av drive sylv! Deim skal du hava til å kalla lyden i hop med, og til å varsla folket når lægret skal flytjast.
Numbers 10:5Blæs de alarm, so skal dei flokkarne fara i veg som hev lægret sitt i aust;
Ezra 9:3Då eg høyrde dette, reiv eg sund kjolen min og kåpa mi, og eg reiv hår av hovudet og or skjegget og vart sitjande so sorgfull at eg kunde ikkje segja eit ord.
Psalms 119:120Eg rys i holdet av rædsla for deg, og for dine domar ottast eg.
Isaiah 13:6Jamra dykk! for Herrens dag er nær; han kjem som vald frå Allvald.
Isaiah 66:2Alt dette skapte eg med mi hand, og soleis vart alt dette til, segjer Herren. Den som eg vil sjå til, er den arme og hugbrotne, og den som skjelv for mitt ord.