Joel 2:27
Og de skal merka at eg bur midt i Israel, og at eg er Herren, dykkar Gud, og ingen annan, og ikkje skal folket mitt æveleg skjemmast.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Leviticus 26:12Imillom dykk vil eg ferdast, og dykkar Gud vil eg vera, og de skal vera mitt folk.
Numbers 23:21Aldri hjå Jakob naud du såg, ell’ ulukka hjå Israel; Herren, hans Gud, er med han stødt, og kongeluren hjå han læt.
Psalms 46:5Der er ei å, hennar bekkjer gled Guds by, den heilage stad der den Høgste bur.
Proverbs 1:23Snu dykk hit når eg refser! So skal åndi mi fløyma for dykk, og eg skal kunngjera dykk mine ord.
Isaiah 44:3For eg vil renna vatn yver det tyrste, og straumar yver det turre. Eg vil renna min ande ut yver di ætt, og yver ditt avkjøme mi velsigning.
Isaiah 45:6so dei skal vita frå aust til vest at det finst ingen annan enn eg. Eg er Herren, og ingen annan.