Joel 3:21
Og Herren burar frå Sion, frå Jerusalem gjallar hans mål. Og det bivrar både himmel og jord. Men Herren er ei livd for sitt folk og ei borg for Israels søner. Ja, kjenna skal de at eg er Herren, dykkar Gud, som bur på Sion, mitt heilage berg. Og Jerusalem skal ein heilagdom vera, frammandfolk der aldri meir stiga inn. Då skal på den dagen druvesafti drjupa av fjelli og mjølk frå haugarne strøyma, og alle bekkjer i Juda fløyma med vatn. Ei kjelda spring ut frå Herrens hus og vatnar Akaziedalen. Men Egypt skal øydeland verta, og Edom som ville heidi, for valdsverk mot Judas born. Dei hev øydt skuldlaust blod i sitt land. Men Juda skal sitja æveleg trygt, og Jerusalem frå ætt til ætt. Og eg vil hemner deira blod, som eg ikkje hemnde fyrr. Og Herren skal bu på Sion.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
For I will cleanse their blood that I have not cleansed: for the LORD dwelleth in Zion.
In Context
20Sol og måne dei svartnar, og stjernorne løyner sin glans.
Cross References
Ezekiel 36:25Og eg vil skvetta reint vatn på dykk, so de vert reine; frå all dykkar ureinska og frå alle dykkar ufysne avgudar vil eg reinsa dykk.
Ezekiel 48:35Rundt ikring: attan tusund. Og namnet på byen skal vera frå den dagen: «Herren er der».
Matthew 27:25Då svara heile folket: «Blodet hans må koma yver oss og yver borni våre!»