Evangeliet etter Johannes 7:28
Difor ropa Jesus, med han lærde i templet: «Ja, de kjenner meg, og de veit og kvar eg er ifrå; og endå er eg ikkje komen av meg sjølv, men det er i røyndi ein som hev sendt meg, ein som de ikkje kjenner;
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
27Men um denne mannen veit me kvar han er ifrå, og når Messias kjem, veit ingen kvar han er ifrå.»
29eg kjenner honom, for eg kjem ifrå honom, og det var han som sende meg.»
Read all of Evangeliet etter Johannes 7
Cross References
Psalms 9:10Og Herren er ei borg for den nedtyngde, ei borg i dei tider han er i trengd.
Jeremiah 9:6Du bur midt i svik: i sitt svik vil dei ikkje vita av meg, segjer Herren.
Hosea 4:1Høyr Herrens ord, de Israels-born! For Herren hev sak med deim som bur i landet, av di det ingen truskap finst i landet, og ingen kjærleik og ingen kjennskap til Gud.
Hosea 6:3So lat oss læra å kjenna, ja, lat oss strida for å læra kjenna Herren! Han renn upp so visst som morgonroden. Og han kjem nedyver oss som regnet, som eit vårregn som væter jordi.»
Matthew 11:27Alt hev far min gjeve i mine hender. Og ingen kjenner Sonen utan Faderen, og ingen kjenner Faderen utan Sonen og dei som Sonen vil openberra det for.
Luke 2:11I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by; han er Kristus, Herren!