Josvas bok 1:8
Hav allstødt denne lovi på tunga, og grunna på henne natt og dag, so du kjem i hug å liva etter alt det som der stend skrive! Då skal du hava lukka med deg på vegarne dine; for då fer du visleg fram.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Genesis 24:63Og Isak gjekk ute på marki og lengta, medan det for til å kvelda. Og då han såg upp og skoda kring seg, sjå, då kom der kamelar.
Deuteronomy 5:29Gjev dei all tid måtte hava den same hugen til å ottast meg og halda alle bodi mine, so det kann ganga deim og borni deira vel i all æva!
Deuteronomy 6:6Og desse ordi som eg lærer deg no, skal du gøyma i hjarta;
Deuteronomy 17:18Når han hev stige upp på kongsstolen, skal han få denne lovi hjå Levi-prestarne og skrive henne av åt seg i ei bok;
Deuteronomy 29:8og tok landet deira, og let rubenitarne og gaditarne og den halve Manasse-ætti få det til odel og eiga.
Deuteronomy 30:14Bodet er deg næmare enn so: det er i din eigen munn og i ditt eige hjarta, so du vel kann liva etter det.