Josvas bok 18:7
For levitarne fær ingen lut millom dykk; Herrens prestedøme skal vera deira arvlut. Og Gad og Ruben og den eine helvti av Manasse-ætti hev fenge sitt land austanfor Jordan, det landet som Moses, Herrens tenar, gav deim.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Numbers 18:23Levi-sønerne åleine skal greida tenesta i møtetjeldet, og hava alt ansvaret; det skal vera ei æveleg lov for dykk og etterkomarane dykkar. Dei skal ingi jordeign hava millom Israels-folket;
Deuteronomy 3:12«Dette landet lagde me under oss då. Bygderne nordanfor Aroer, som ligg innmed Arnonåi, og helvti av Gileadfjelli med byarne som der var, let eg rubenitarne og gaditarne få.
Deuteronomy 10:9Difor fekk ikkje Levi nokon arvlut tilliks med brørne sine; Herren skal vera hans arv, soleis som han sjølv hev sagt med honom.
Joshua 12:6Det var dei som Moses, Herrens tenar, og Israels-borni hadde vunne yver; og Moses, Herrens tenar, let rubenitarne og gaditarne og den eine helvti av Manasse-ætti få landet deira til eigedom.
Joshua 13:14Det var berre Levi-ætti han ikkje gav noko odelsland; offerretterne åt Herren, Israels Gud, skulde vera deira odel, soleis som han hadde lova deim.
Joshua 13:17Hesbon og alle byarne som til høyrde og låg på høgsletta: Dibon og Bamot-Ba’al og Bet-Ba’al-Meon