Josvas bok 2:19
Gjeng då nokon ut or husdøri di, so er det hans eigi skuld um han vert drepen, og me er skuldlause; men vert det lagt hand på nokon av deim som er i huset hjå deg, so skal me svara for livet hans.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
20Og talar du til nokon um ærendi vår, so er me og løyste frå den eiden du tok av oss.»
Cross References
Exodus 12:22Og so skal de taka ein myntekvost og duppa i blodet som er i troget, og strjuka noko av det blodet på dørkollen og båe dørskierne. Og ingen av dykk må ganga ut or husdøri si fyre morgon.
Leviticus 20:9Den som bannar far sin og mor si, han skal lata livet. Han hev banna far og mor: blodet hans kjem på honom sjølv.
Numbers 35:26Men kjem han utum fredstaden som han hev tydt til,
2 Samuel 1:16«Ditt blod kome yver ditt hovud,» sagde David; «din eigen munn vitna mot deg då du sagde: «Eg hev drepe honom som Herren hadde salva.»»
2 Samuel 4:11Men når nidingar myrder ein rettvis mann i heimen hans, i sengi - kor mykje meir må eg ikkje krevja blodet hans av dykkar hender, og rydja dykk burt frå jordi!»
1 Kings 2:36Sidan sende kongen bod og kalla til seg Sime’i, og sagde til honom: «Bygg deg eit hus i Jerusalem, og gjev deg til der! Du skal ikkje ganga ut derifrå til nokon annan stad.