Joshua 21:44
Og Herren let deim hava fred på alle leder, heiltupp soleis som han hadde lova federne deira. Ingen av alle uvenerne deira kunde standa seg imot deim; Herren gav alle fiendar i deira hender.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Exodus 23:31Og riket ditt det skal rekka frå Sevsjøen til Filistarhavet, og frå Øydemarki+ til Storelvi.++ So gjev eg no i henderne dykkar deim som bur og byggjer i landet, og du skal driva dei ut.
Deuteronomy 7:22Smått um senn skal Herren driva desse folki ut for deg; du skal ikkje få øyda deim ut med ein gong; for då kom villdyri til å auka for mykje.
Joshua 1:5I alle dine livedagar, skal ingen vera mann til å standa seg mot deg. Eg skal vera med deg, liksom eg var med Moses; aldri skal eg sleppa deg og aldri forlata deg.
Joshua 1:15til dess Herren let deim og koma til ro liksom de, og dei hev eigna til seg det landet som Herren, dykkar Gud, vil gjeva deim; då skal de fara heim att og busetja dykk i dykkar eige land, det som Moses, Herrens tenar, gav dykk her på austsida av Jordan.»
Joshua 11:8Og Herren gav deim i Israels hender; Israels-sønerne vann yver deim og sette etter deim alt til Stor-Sidon og Misrefot-Majim og i aust alt til Mispedalen, og hogg deim ned, so ingen vart att eller slapp undan.
Joshua 11:23Josva lagde under seg heile landet, heiltupp soleis som Herren hadde sagt til Moses, og let israelitarne få det til odel og eiga etter sine folkegreiner og ætter, då landet var kome til ro etter ufreden.