Josvas bok 22:9
So tok dei då på heimvegen, Rubens-sønerne og Gads-sønerne og helvti av Manasse-ætti; dei skildest med dei andre Israels-sønerne og for frå Silo i Kana’ans-landet attende til Gilead, sitt eige land, der dei hadde fenge seg bustad, soleis som Moses hadde lova deim frå Herren.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Numbers 32:20«Ja, gjer de det,» sagde Moses, «væpnar de dykk til striden for Herrens augo,
Numbers 32:26«borni og konorne våre og feet og alle klyvdyri skal vera her i Gileads-borgerne;
Numbers 32:39Sønerne åt Makir, Manasses son, for til Gileadlandet, og tok det, og dreiv ut amoritarne som budde der.
Deuteronomy 3:18Den gongen var det eg sagde til dykk: «Dette landet hev Herren, dykkar Gud, gjeve dykk til eigedom. No lyt de fara fram stridsbudde fyre dei andre Israels-sønerne, so mange av dykk som er våpnføre,
Deuteronomy 34:1So gjekk Moses frå Moabmoarne upp på Nebo, som er den høgste tinden på Pisgafjellet, og ligg midt for Jeriko, og Herren synte honom heile landet: Gilead alt til Dan,
Joshua 13:25Det dei fekk, var Jaser og alle byarne i Gilead og helvti av Ammonitarlandet alt til Aroer, som ligg midt for Rabba,