Josvas bok 23:14
No fer eg snart den vegen alt her på jordi lyt fara. Kom då i hug, og lat det aldri ganga dykk or minne, at ikkje eit einaste av alle dei gode ordi som Herren, dykkar Gud, hev lyst yver dykk, hev vorte um inkje; alt hev gjenge fram; aldri eit ord hev vorte um inkje.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Exodus 3:8Og no hev eg stige ned, og vil fria deim ut frå egyptarane og føra deim ut or dette landet, til eit godt og vidt land, til eit land som fløymer med mjølk og honning, der som kananitarne er og hetitarne og amoritarne og perizitarne og hevitarne og jebusitarne.
Leviticus 26:3Lyder de no mine lover og agtar på ordi eg tala, og gjer de som eg hev sagt dykk,
Deuteronomy 28:1Høyr du no med åthug på røysti åt Herren, din Gud, hugsar og held du alle dei bodi eg gjev deg i dag, so skal han hevja deg høgt yver alle lydar på jordi.
Joshua 21:45Ikkje eit einaste av alle dei gode ordi Herren hadde tala til Israels hus, vart um inkje; alt saman gjekk fram.
1 Kings 2:2«Eg gjeng no den vegen som all verdi må fara. Ver so du sterk, og vert ein mann!
Job 30:23Eg veit du fører meg til dauden, der alt som liver samlast lyt.