Josvas bok 3:16
då stana det vatnet som kom ovantil, og stod som ein vegg alt uppmed Adam, den byen som ligg jamsides med Saretan, og det som rann nedetter til Moavatnet, eller Saltsjøen, vart reint burte. So gjekk folket yver åi midt for Jeriko.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Genesis 14:3Alle desse slo seg i hop og lagde vegen til Siddimdalen, der som Saltsjøen er no.
Exodus 14:29Men Israels-folket gjekk tvert igjenom havet på turre sanden, og vatnet stod som ein mur på både sidorne, både den høgre og den vinstre.
Numbers 34:3so skal landeskilet dykkar på sudsida ganga frå Sinheidi langs med Edom, den søre bytestrengen skal i aust ganga ut ifrå enden av Saltsjøen,
Deuteronomy 3:17og Moarne nedunder Pisgaliderne austanfor Jordanåi - for ho er landskilet der - frå Kinneret til Moavatnet, det som dei kallar Saltsjøen.
Joshua 4:22so skal de segja deim det: «Israels-folket gjekk turrskodde yver Jordan her,» skal de segja,
Joshua 12:3og yver moarne på austsida, upp til Kinneretsjøen, og ned til Moavatnet eller Saltsjøen, burt imot Bet-ha-Jesjimot og sud under Pisgaliderne;