Josvas bok 5:1
Alle amoritarkongarne vestanfor Jordan og alle kananitarkongarne utmed havet vart so rædde at dei reint vilde uvita då det spurdest at Herren hadde turka ut Jordan for Israels-folket medan dei for yver, og dei hadde ingen hug meir til å taka att med Israels-sønerne.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
2I det same bilet sagde Herren til Josva: «Gjer deg steinknivar og umskjer Israels-sønerne att!»
Cross References
Genesis 10:15Og Kana’an vart far til Sidon - det var den fyrste sonen hans - og til Het
Genesis 15:18Den dagen gjorde Herren ei pakt med Abram og sagde: «Di ætt gjev eg dette landet, frå Egyptarlands-elvi alt til den store elvi, til Fratelvi,
Exodus 15:14Folki fær spurt det, og folnar; fælska tek deim som bur i Filistarland.
Numbers 13:29og i Sudlandet bur Amalek-folket, og i fjellbygderne hetitarne og jebusitarne og amoritarne, og utmed havet og langsmed Jordan bur Kananitarne.»
Joshua 2:11Då me høyrde det, kolna me all igjenom, so rædde vart me, og no finst det ingen meir som hev hug til å møta dykk; for Herren, dykkar Gud, han er Gud både uppi himmelen og nedpå jordi.
Joshua 3:17Men prestarne som bar sambandskista åt Herren, vart standande på turre botnen midt i Jordan, medan alle israelitarne gjekk turrskodde yver åi, til heile folket var kome vel yver.