Josvas bok 6:16
Då no prestarne bles i lurarne den sjuande gongen, då sagde Josva til folket: «Ropa no! For Herren hev gjeve dykk byen.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Joshua 6:5Og når stridshornet tek til å ljoma med lange tonar, og de høyrer lurljoden, skal heile heren setja i og ropa so sterkt dei kann; då skal muren ramla ned, so folket kann stiga yver han, beint inn i byen.»
Judges 7:22og Herren laga det so at då dei høyrde ljomen av dei tri hundrad lurarne, vende dei sverdi sine mot kvarandre. So gjekk det i heile lægret. Og heren rømde til Bet-Hassitta, burtimot Serera, til Abel-Meholastrandi framum Tabbat.
2 Chronicles 20:22Og straks dei tok til med fagnadropi og lovprisningarne sine, stelte Herren åtakarar som låg i løynlega imot Ammon og Moab og folket frå Se’irfjelli, som drog fram imot Juda, so dei vart slegne.