Josvas bok 6:18
Agta no de dykk berre for det som er vigt, so de ikkje fyrst vigjer og sidan tek av det vigde, og soleis fører forbanning og ulukka yver Israels-lægret.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Deuteronomy 7:26og slik styggedom skal du ikkje hava inn i huset ditt, so du vert forbanna liksom det; du skal styggjast ved det og sky det; for det er bannstøytt.
Deuteronomy 23:10Er ein av dykk urein etter noko som hev hendt honom um natti, so skal han ganga ut or lægret og må ikkje koma inn att
Joshua 7:11Israel hev synda! Dei hev brote det bodet eg lagde på deim, og teke av det som var vigt, og stole det og dult det burt, og gøymt det millom sine eigne ting.
Joshua 7:15Og den som det vigde vert funne hjå, skal brennast med alt sitt, for di han braut Herrens bod, og gjorde eit skjemdarverk i Israel.»»
Joshua 22:18og so vender de dykk no burt frå Herren! Men set de dykk i dag upp imot Herren, so fær heile Israel i morgon kjenna hans vreide.
1 Samuel 15:9Men Saul og folket sparde Agag og det beste og det næstbeste av smalen og bufeet og lambi, alt som hadde verde; sovore vilde dei ikkje bannstøyta. Men alt skrapfeet og alle skrantne dyr, deim bannstøytte dei.