Josvas bok 8:20
Best som no Aj-mennerne snudde seg og skoda attende, vart dei vare røyken som steig til vers ifrå byen; då såg dei seg ingi råd til å koma undan, korkje til ei sida eller onnor, av di den heren som hadde rømt åt øydemarki, den vende seg no um imot fienden.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Genesis 19:28og han skoda utyver Sodoma og Gomorra og utyver alt landet i kverven, og då såg han - såg røyken valt upp av jordi, som røyken av ein masomn.
Judges 20:41I det same snudde Israels-mennerne um. Då vart Benjamins-mennerne forfærde; for dei såg at ulukka hadde nått deim.
Psalms 48:5For sjå, kongarne kom saman og drog fram i lag.
Isaiah 34:10Korkje natt eller dag skal det slokna, i all æva skal røyken frå det stiga upp; frå ætt til ætt skal det liggja i øyde, i all æva er det ingen som fer igjenom det.
Revelation 6:15Og kongarne på jordi og stormennerne og herhovdingarne og dei rike og dei velduge og kvar træl og kvar fri mann gøymde seg i holor og i berghamrar.
Revelation 19:3Og dei sagde ein gong til: «Halleluja! Og røyken av henne stig upp i all æva.»