Josvas bok 9:1
Då dette spurdest kom dei i hop alle kongarne som budde vestanfor Jordan, i fjellbygderne og på flatlandet og langsetter heile havstrandi til midt for Libanon - kongarne yver hetitarne og amoritarne og kananitarne og perizitarne og hevitarne og jebusitarne -
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
2og dei lova alle med ein munn at dei vilde strida mot Josva og Israel.
Cross References
Exodus 3:17Og eg sagde: «Eg vil fria dykk ut or alt det vonde de lid i Egyptarland, og fylgja dykk fram til landet åt kananitarne og hetitarne og amoritarne og perizitarne og jebusitarne, eit land som fløymer med mjølk og honning.»
Exodus 23:31Og riket ditt det skal rekka frå Sevsjøen til Filistarhavet, og frå Øydemarki+ til Storelvi.++ So gjev eg no i henderne dykkar deim som bur og byggjer i landet, og du skal driva dei ut.
Numbers 13:29og i Sudlandet bur Amalek-folket, og i fjellbygderne hetitarne og jebusitarne og amoritarne, og utmed havet og langsmed Jordan bur Kananitarne.»
Deuteronomy 1:7Tak no ut og legg vegen til Amoritarfjelli og alle dei folki som bur der attmed, på Moarne og i fjellbygderne, på sletta og i Sudlandet og på havstrandi, i heile Kana’ans-landet og på Libanon, alt burt til Storelvi, Eufratelvi.
Deuteronomy 4:49og heile Moalandet austanfor Jordan alt til Moavatnet, nedunder Pisgaliderne.
Joshua 1:4Frå øydemarki og Libanon der nord til Storelvi, Eufrat, yver heile Hetitarlandet, alt til det store havet der soli glader, skal riket dykkar nå.