Domarane 1:27
Manasse øydde ikkje Bet-Sean og Ta’anak og Dor og Jibleam og Megiddo og bygderne som låg under dei byarne, og kananitarne var god til å halda seg der i landet.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Exodus 23:32Aldri må du gjera noko samband med deim eller gudarne deira.
Joshua 17:11I Issakarsfylket og i Asersfylket fekk Manasse Bet-Sean med bygderne ikring, og Jibleam med bygderne ikring, og Dor med grender og bygder, og En-Dor med grender og bygder, og Ta’anak med grender og bygder, og Megiddo med grender og bygder, alt som låg under dei tri høgderne.
Judges 1:1Då Josva var avliden, spurde Israels-sønerne Herren: «Kven av oss skal taka fyrst ut i striden mot kananitarne?»
Judges 5:19Då kom kongarn’ og stridde, kananitarkongarn’ stridde i Tana’ak, ved Megiddovatnet; sylv vann dei visst ikkje.
1 Samuel 31:10Dei lagde våpni hans i Astarte-templet; og liket hans hengde dei upp på bymuren i Bet-San.
2 Kings 23:29I hans tid drog egyptarkongen Farao Neko upp til elvi Frat mot assyrarkongen. Kong Josia drog imot honom, men han drap honom ved Megiddo, so snart han fekk sjå honom.