Domarane 11:39
Men då tvo månader var lidne, kom ho att til far sin, og då gjorde han med henne det som han hadde lova; og ho hadde aldri vore nær nokon mann. Sidan vart det sed i Israel
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Deuteronomy 12:31Far aldri åt som dei gjer, når du dyrkar Herren, din Gud; for alt det som Herren mislikar, og som er ein styggedom hans augo, det gjer dei for gudarne sine; jamvel sønerne og døtterne sine brenner dei til æra for desse gudarne sine.
1 Samuel 1:11Og ho gjorde ein lovnad og sagde: «Herre, du allhers drott! vil du venda augo til vesaldomen åt trælkvinna di og tenkja på meg, og ikkje gløyma trælkvinna di, men gjeva trælkvinna di eit gutebarn, so vil eg vigja honom til Herren for alle hans livedagar, og aldri skal det koma saks på hovudet hans.»
1 Samuel 1:24Men då han var avvand, tok ho honom med dit upp, og hadde med seg tri uksar, ei skjeppa mjøl og ei vinhit, og ho førde honom inn i Herrens hus i Silo. Men han var berre ein liten gut.
1 Samuel 2:18Samuel gjorde tenesta for Herrens åsyn. Alt medan han var smågut, var han klædd i ein messehakel av lin.
Isaiah 66:3Slagta ein stut er som drep ein mann, ofra eit lamb som å tyna ein hund, ofra grjonoffer som ofra svineblod, brenna røykjelse som hylla ein avgud. Som dei hev valt sine eigne vegar, og dei likar si ufysna,