The Bible Software
Domarane · Studentmållagsbibelen frå 1921

Domarane 12

1Efraimitarne baud ut mannskapet sitt, og for nordetter, og sagde til Jefta: «Kvi sende du’kje bod etter oss då du for av stad og vilde strida mot ammonitarne? No vil me setja eld på husi dine og brenna deg inne.»

2«Eg og folket mitt låg i ein hard strid med ammonitarne, svara Jefta; «då ropa eg på dykk, men de hjelpte meg ikkje imot deim;

3og då eg såg at de ikkje vilde hjelpa, våga eg livet, og for imot ammonitarne, og Herren gav deim i henderne mine. Kvi kjem de so no farande og vil slåst med meg?»

4So samla han alle Gileads-mennerne, og stridde mot Efraim. Og Gileads-mennerne hogg efraimitarne ned, for di dei hadde sagt: De er rømingar frå Efraim! Gilead ligg midt i Efraim, midt i Manasse.»

5Dei stengde vadi yver Jordan for efraimitarne, og kvar gong det kom ein efraimit som hadde rømt ifrå slaget og vilde sleppa yver, spurde dei: «Er du efraimit?» Han svara: «Nei.»

6«Seg: sjibbolet!» sagde dei. Då sagde han: «Sibbolet;» for han kunde ikkje segja det rett. So greip dei honom, og drap honom innmed vadet. Den gongen fall det tvo og fyrti tusund mann av Efraims-ætti.

7Jefta styrde Israel i seks år. So døydde Jefta frå Gilead, og vart gravlagd i ein av Gileads-byarne.

8Etter honom var Ibsan frå Betlehem styrar i Israel.

9Han hadde tretti søner; tretti døtter gifte han burt, og tretti sonekonor henta han heim; han styrde Israel i sju år.

10So døydde Ibsan, og vart gravlagd i Betlehem.

11Etter honom var Elon av Sebulons-ætti styrar i Israel. Han styrde Israel i ti år.

12So døydde Elon av Sebulons-ætti, og vart gravlagd i Ajjalon i Sebulonslandet.

13Etter honom var Abdon Hillelsson frå Piraton styrrar i Israel.

14Han hadde fyrti søner og tretti sonesøner; dei reid på sytti asenfolar. Han styrde Israel i åtte år.

15So døydde Abdon Hillelsson frå Piraton, og vart gravlagd i Piraton i Efraimsland, på Amaleksfjell.

← Domarane 11Read In The App, Free →Domarane 13 →

Study Domarane 12

KJVMatthew HenryJamieson-Fausset-BrownAdam ClarkeJohn WesleyJohn CalvinKeil and DelitzschScofieldFamily Bible NotesGeneva Bible Notes (1599)Reina-Valera (Español)Bíblia Portuguesa MundialLuther Bibel (Deutsch)Bible Louis Segond (Français)

All Chapters

123456789101112131415161718192021