Domarane 13:3
Og Herrens engel synte seg for kona, og sagde: «Kjære, eg veit at du er’kje barnkjømd og aldri hev ått barn, men du skal verta umhender og eiga ein son.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
4Agta deg no, og drikk ikkje vin eller sterk drykk, og et ikkje noko ureint!
Cross References
Genesis 17:16Og eg vil velsigna henne og gjeva deg ein son med henne og; velsigna vil eg henne, og ho skal verta til mange tjoder; kongar yver store rike skal ættast frå henne.»
Genesis 18:14Er det noko som er umogelegt for Herren? Til års dette bil kjem eg hit til deg att, og då hev Sara ein son.»
Judges 6:11Og Herrens engel kom og sette seg under den eiki som stend i Ofra, der Joas av Abiezer-ætti rådde. Gideon, son åt Joas, stod då i vinpersa og banka utor noko kveite, so han kunde få berga det for midjanitarne.
Judges 13:6So gjekk kona inn, og sagde det med mannen sin: «Det kom ein gudsmann til meg,» sagde ho; «han var å sjå til som Guds engel, fælande ageleg; men eg spurde ikkje kvar han var ifrå, og ikkje sagde han meg namnet sitt.
Judges 13:10Då sprang ho svint heim, og sagde det med mannen sin: «No hev han synt seg for meg, den mannen som kom til meg her um dagen», sagde ho.
2 Kings 4:16Då sagde Elisa: «Næste år dette bil skal du hava ein son på fanget.» Ho svara: «Å nei, gode herre og gudsmann! du må ikkje ljuga for tenestkvinna di.»