Domarane 15:18
Men so vart han so brennande tyrst. Då ropa han til Herren og sagde: «Du hev hjelpt tenaren din til å vinna denne store sigeren! Skal eg no døy av torste og falla i henderne på dei u-umskorne?»
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Genesis 12:12Og det kjem til å ganga so, at når egyptarane fær sjå deg, so segjer dei: «Dette er kona hans,» og so slær dei meg i hel, men deg let dei liva.
Genesis 32:31Og med same han var komen framum Penuel, rann soli. Og han var halt i mjødmi.
Judges 14:3Då sagde foreldri hans til honom: «Finst det då ingi gjenta hjå frendarne dine eller i heile vårt folk, sidan du vil ganga av og få deg ei kona hjå dei u-umskorne filistarane?» Men Samson svara far sin: «Henne lyt du festa åt meg! Ho er den som eg likar.»
1 Samuel 17:26David spurde deim som stod attmed honom: «Kva fær den som feller denne filistaren og tek ei sovori svivyrding burt frå Israel? for kven er denne u-umskorne filistaren som vågar svivyrda fylkingarne åt den livande Gud?»
1 Samuel 27:1Men David sagde med seg sjølv: «Ein dag stupar eg for Sauls hand. Eg veit ingen annan utveg enn å røma til Filistarlandet; då lyt Saul slutta å leita etter meg innanfor Israelslandskilet; og so bergar eg meg undan honom.»
Psalms 3:7Eg ottast ikkje for ti tusund av folk, som hev lægra seg imot meg rundt ikring.