Domarane 17:10
«Gjev deg til hjå meg!» sagde Mika, «og ver far og prest for meg! Eg skal gjeva deg ti sylvdalar for året, og halda deg med kost og klæde.» So steig leviten innanfor.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
11Han gjekk med på å vera hjå mannen, og vart som ein av sønerne hans.
Cross References
Genesis 45:8So er det då ikkje de, som hev sendt meg hit, men Gud, og han hev gjort meg til far for Farao og til herre yver alt hans hus og til styrar i heile Egyptarlandet.
Judges 18:4So sagde han deim kva Mika hadde gjort for honom, og at han hadde leigt honom til prest for seg.
1 Samuel 2:36Då vil det henda at alle som vert att i ætti di, kjem og kastar seg å gruve for honom og tiggar um ein skilling eller ein brødleiv, og segjer: «Kjære væne, set meg til medhjelpar i eit av preste-embætti dine, so eg kann få ein bite mat å eta!»»»
2 Kings 6:21Då Israels-kongen såg deim, sagde han til Elisa: «Skal eg hogga ned, hogga ned, far?»
2 Kings 13:14Då Elisa hadde fenge helsotti, gjekk Joas, kongen i Israel, ned til honom. Han bøygde seg yver honom, gret og ropa: «Far, far! du Israels vogner og ridarar!»
Isaiah 22:21og eg vil klæda honom i din bunad, og beltet ditt vil eg binda um honom, og ditt rådvelde vil eg gjeva i hans hender. Han skal vera ein far for deim som bur i Jerusalem og for Juda-huset.