Domarane 17:2
Han sagde til mor si: «Dei elleve hundrad sylvdalarne som vart tekne frå deg - du lyste endå for den skuld ei våbøn, som eg høyrde på - dei pengarne er hjå meg; det er eg som hev teke deim; men no skal du få deim att.» «Herren velsigne deg, min son!» svara mori.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
1Mika heitte ein mann som budde i Efraimsheidi.
Cross References
Genesis 14:19Og han velsigna honom og sagde: «Gud den Høgste, han som eiger Jord og himmel, signe Abram!
Exodus 20:7Du skal ikkje nemna namnet åt Herren, din Gud, utan age! For Herren held ikkje den uskuldig som brukar namnet hans vyrdlaust.
Judges 5:23«Bann Meroz,» Herrens engel sa, «bann deim som bur der, bann deim burt! Dei kom’kje Herrens her til hjelp. Dei hjelpte ikkje kjemporn’ hans.»
1 Samuel 14:24Det røynde hardt på kvar israelit den dagen. Og Saul batt folket med denne eiden: «Forbanna den som et noko mat fyre kvelden, fyrr eg hev teke hemn yver fiendarne mine!» So var det ingen som smaka matbiten.
1 Samuel 15:13Då Samuel kom til Saul, sagde Saul til honom: «Velsigna vere du av Herren! No hev eg gjort det Herren sette meg til.»
1 Samuel 26:19Gjev du, herre konge, no vil høyra på tenaren din: Er det Herren som hev eggja deg imot meg, so lat honom få kjenna lukti av ei offergåva! Men er det manneborn som hev eggja deg, so vere dei bannstøytte av Herren, av di dei hev jaga meg burt, so eg no ikkje slå lag med Herrens eigen lyd! Det er som dei vil segja: «Far av og ten framande gudar!»