Domarane 17:5
Og Mika vart slik mann at han fekk seg eit gudshus, og let gjera ei gullkåpa og husgudar, og sette ein av sønerne sine til å vera prest for seg.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
6I dei dagar var det ingen konge i Israel; kvar mann gjorde som han hadde hug til.
Cross References
Genesis 31:30Men var det no so at du laut taka ut, av di du lengta so sårt etter fødesheimen din, kvi stal du då gudarne mine?»
Exodus 28:4Høyr no kva det er for klæde dei skal gjera: ein bringeduk og ein messehakel og ein prestekjole og ein brogdut underkjole og ei huva og eit belte. Det er den heilage klædebunaden dei skal gjera til Aron, bror din, og sønerne hans, so han kann vera presten min,
Exodus 29:9og spenna beltet um deim, både um Aron og sønerne, og binda hovudplagg på deim, og sidan skal dei hava retten til prestedømet i all æva. So skal du setja Aron og sønerne hans inn i preste-embættet.
Judges 18:14Då tok dei til ords, dei fem mennerne som hadde vore til La’isbygdi og spæja, og dei sagde til landsmennerne sine: «Veit de at i desse husi er det ei gullkåpa og husgudar og eit gudebilæte med eit støypt fotstykke til? so veit de vel kva de lyt gjera!»
1 Samuel 19:13So tok Mikal husguden og lagde i sengi, sette eit net av geitehår kring hovudet, og breidde åklædet yver.
1 Kings 12:31Og han bygde hus på offerhaugarne og sette til prestar likt og ulikt, folk som ikkje var av Levi-sønerne.