Domarane 19:3
då for mannen hennar etter henne, og vilde tala vel med henne og få henne til å koma att; og han hadde med seg drengen sin og eit par asen. Den unge kona leidde honom inn i huset åt far sin, og då faren såg honom, vart han glad, og tok vel imot honom.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Genesis 50:21So ver no ikkje rædde! Eg skal syta for dykk og for borni dykkar.» Og han hugga deim og tala blidt til deim.
Leviticus 20:10Den som held seg med ei gift kona, med kona åt grannen sin, han skal lata livet, både han og den kona han hev halde seg med.
Judges 15:1Då det leid um ei tid, og dei hadde teke til med kveiteskurden, kom Samson og vilde lydast til kona si. Han hadde med seg eit kid, og sagde: «Lat meg få koma inn i kammerset til kona mi!» Men far hennar vilde ikkje gjeva honom lov til det.
Jeremiah 3:1Dei segjer: Når ein mann sender frå seg kona si, og ho fer frå honom og gifter seg med ein annan mann, kann han då atter koma tilbake til henne? Vilde ikkje det landet verta vanhelga? Med du hev drive hor med mange vener - og so skulde du koma tilbake til meg! segjer Herren.
Hosea 2:16Og den dagen, segjer Herren, kjem det til å verta so at du ropar til meg: «Mannen min!» Og du skal ikkje meir ropa til meg: «Ba’al min!»
John 8:4og sagde: «Meister, denne kona hev dei kome yver med ho gjorde hor.