Domarane 2:19
Men ikkje fyrr var domaren burte, fyrr dei fall ifrå att, og for endå verre åt enn federne sine, heldt seg til andre gudar, og dyrka deim, og bad til deim; dei lagde’kje ned noko av det vonde dei hadde fyre seg, eller av si tråssuge framferd.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Joshua 24:31Israel tente Herren so lenge Josva var til, og so lenge dei gamle var til som livde etter Josva og kjende til alt det som Herren hadde gjort for Israel.
Judges 3:11og sidan hadde landet fred i fyrti år. So døydde Otniel, son åt Kenaz.
Judges 8:33Då Gideon var burte, tok Israels-sønerne atter til å halda seg med avgudarne, og gjorde Sambands-Ba’al til guden sin.
1 Samuel 15:23Trass er trollskap, einvisa er som avgudar og husgudar. Av di du vanda Herrens ord, hev han vanda deg, so du vert ikkje kanna konge lenger.»
Nehemiah 9:28Kom dei so til ro, gjorde dei atter det som vondt var for di åsyn. Då let du deim i fiendevald, so dei vart trælka. Men når dei so ropa til deg att, so høyrde du på deim frå himmelen og fria deim ut, etter di store miskunn gong på gong.
Jeremiah 3:17I den tidi skal dei kalla Jerusalem Herrens kongsstol, og alle folk skal samlast dit til Herrens namn, til Jerusalem. Og aldri meir skal dei ferdast etter sitt vonde, harde hjarta.