Domarane 20:16
Millom alt det folket fanst det sju hundrad utvalde hermenner som var keivhendte; alle desse høvde på eit hår med slyngja; ingen kasta i mist.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
17Benjamin frårekna, mynstra Israels-sønerne fire hundrad tusund våpnføre mann som alle var herfolk.
Cross References
Judges 3:15Då ropa dei til Herren, og Herren sende dei ein hjelpar, Ehud Gerason av Benjamins-ætti, ein keivhendt mann. Israels-sønerne sende Ehud med gåvor til Eglon, kongen i Moab.
1 Samuel 17:49David stakk handi i skreppa, tok upp ein stein, kasta, og råka filistaren i panna. Steinen sokk i panna hans, so han datt å gruve til jordi.
1 Chronicles 12:2Dei var væpna med boge og føre til å slyngja stein og skjota piler frå bogen, både med høgre og vinstre handi. Av ættefrendarne hans Saul, av Benjamins-folket, var desse: