Domarane 3:1
No skal me nemna dei folki som Herren let vera att til å røyna Israel med - dei Israels-mennerne som ikkje hadde vore med i nokon av Kana’ans-krigarne -
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Deuteronomy 7:22Smått um senn skal Herren driva desse folki ut for deg; du skal ikkje få øyda deim ut med ein gong; for då kom villdyri til å auka for mykje.
Deuteronomy 8:16han som i øydemarki fødde deg med manna, som federne dine aldri hadde høyrt gjete; og alt dette gjorde han av di han vilde mykja deg og røyna deg, og so sidan gjera vel imot deg.
Judges 2:21so vil ikkje eg heller hjelpa deim meir, og ikkje driva ut noko av dei folki som Josva let vera att då han døydde;
2 Chronicles 32:31Soleis og då sendebodi kom frå Babels-fyrstarne, som sende bod til honom og vilde høyra um det underteiknet som hadde hendt i landet, då gjekk Gud frå honom berre soleis, at han sette honom på prøva, so han kunde få fullrøynt huglyndet hans.
Proverbs 17:3Diglen røyner sylvet og omnen gullet, men den som røyner hjarto, det er Herren.
Jeremiah 17:9Svikfullt er hjarta framfor alt anna, og låkt, kven kjenner det?