Domarane 3:10
Herrens Ande kom yver honom, og han tok styringi i Israel. So drog han ut i striden, og Herren gav Kusan-Risatajim, Aram-kongen, i henderne hans; han vann yver Kusan-Risatajim,
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
11og sidan hadde landet fred i fyrti år. So døydde Otniel, son åt Kenaz.
Cross References
Numbers 11:25Og Herren for ned i skyi, og tala til Moses, og let dei sytti gjæve mennerne få av den åndi som var yver honom. Då hende det at med same åndi let seg ned yver deim, tala dei profetord, men sidan gjorde dei det ikkje.
Numbers 24:2og såg utyver til han fekk auga på Israels-ætterne, som låg der sida um sida. Då kom Guds ande yver honom,
Judges 6:34Då kom Herrens Ande yver Gideon; han bles i luren, og Abiezer-ætti flokka seg um honom.
Judges 11:32So for han fram imot ammonitarne, og stridde mot deim, og Herren gav deim i henderne hans.
Judges 14:6då kom Herrens ande yver honom, og han tok løva, og sleit henne sund med berre nevarne, som det skulde vore eit kid; men han sagde’kje med foreldri sine kva han hadde gjort.
Judges 15:14Då han kom til Lehi, sprang filistarane imot honom med glederop. Då kom Herrens ande yver honom, og reipi på armarne hans vart som brend tråd; bandi datt av henderne hans, som dei var morkna.