Domarane 3:8
Då vart Herren brennande harm på Israels-sønerne; han slepte deim i henderne på Kusan-Risatajim, kongen i Aram-Naharajim, og Israel laut tena Kusan-Risatajim i åtte år.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Exodus 22:24og harmen min skal loga upp, og eg skal slå dykk med sverdet, so dykkar konor vert enkjor og borni dykkar farlause.
Deuteronomy 29:20Herren skal aldri gjeva deim til. Herrens vreide og harm skal loga imot deim som ein eld, og alle dei våbøner som er skrivne i denne boki, skal kvila på deim. Herren skal rydja namnet deira ut or verdi.
Judges 2:14Då vart Herren brennande harm på Israel, og gav deim i henderne på røvarar, som herja deim; han slepte deim i henderne på uvenerne deira rundt um, og dei kunde ikkje lenger standa seg mot fiendarne.
Judges 4:9«Visst skal eg ganga med deg,» sagde Debora, «men då fær ikkje du æra for den ferdi du tek ut på; for Herren skal gjeva Sisera i kvendehand.» So gjorde ho seg reidug og vart med Barak til Kedes.
Psalms 6:1Til songmeisteren, med strengleik, etter Sjeminit; ein salme av David.
Psalms 106:41Og han gav deim i handi på heidningar, og dei som hata deim, vart herrar yver deim,