Domarane 4:14
Då sagde Debora til Barak: «Kom no! For i dag vil Herren gjeva Sisera i dine hender. Veit du’kje at Herren gjeng fyre deg i striden?» So for Barak ned av Taborfjellet, og det fylgde honom ti tusund mann.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Genesis 19:14Då gjekk Lot ut og tala til mågarne sine, deim som skulde hava døtterne hans, og sagde: «Upp, og kom dykk burt frå denne staden! For no vil Herren øydeleggja byen.» Men mågarne hans tenkte at han berre vilde narra deim.
Deuteronomy 9:3So kom då i hug at Herren, din Gud, gjeng fyre deg som ein øydande eld; han skal tyna deim, og han skal slå deim ned for deg, so du snart fær drive deim burt og rudt deim ut, soleis som Herren hev sagt deg.
Joshua 10:8Og Herren sagde til honom: «Ver ikkje rædd deim! Eg gjev deim i dine hender. Ikkje ein av deim skal vera mann til å standa seg mot deg.»
Judges 19:28«Reis deg upp, og lat oss fara i veg!» sagde han. Men han fekk inkje svar. Då lyfte han henne upp på asnet, og tok ut, og for til si bygd.
2 Samuel 5:24So snart du høyrer ljoden av stig i topparne på bakatrei, so må du springa fram. For då dreg Herren ut framfyre deg og vinn yver filistarheren!»
Psalms 68:8Gud, då du drog ut framfyre folket ditt, då du skreid fram i øydemarki - Sela -