Domarane 6:13
«Orsaka, gode herre!» svara Gideon, «ser Herren med oss, kvi hev då alt dette hendt oss, og kvar er no alle undergjerningarne hans, som federne våre fortalde oss um? «Det var Herren som førde dei ut or Egyptarland!» sagde dei. Men no hev Herren skuva oss ifrå seg, og gjeve oss i Midjans vald.»
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
12Og Herrens engel synte seg for honom, og sagde til honom: «Herren er med deg, du djerve kjempa!»
Cross References
Genesis 25:22Men borni drogst i livet hennar. Då sagde ho: «Er det so, kvi skal eg då vera til?» Og ho gjekk av stad og spurde Herren.
Numbers 14:14Skal dei få det å tala um med folk her i landet, som hev høyrt at du, Herre, er midt imillom dette folket, og syner deg for deim, andlit til andlit, du, Herre, og at skyi di held seg yver deim, og at du gjeng fyre deim i ein skystopul um dagen og i ein eldstopul um natti?
Deuteronomy 30:17Men vender du hugen din burt, og ikkje vil lyda, og let du deg lokka til å dyrka andre gudar og tena deim,
2 Chronicles 15:2og han steig fram for Asa og sagde til honom: «Høyr på meg, Asa og heile Juda og Benjamin! Herren er med dykk når de er med honom, og når de søkjer honom, då let han dykk finna seg; men um de vender dykk frå honom, då vender han seg frå dykk.
Psalms 44:1Til songmeisteren; av Korahs born; ein salme til lærdom.
Psalms 77:7Eg vil koma i hug min strengleik um natti, i mitt hjarta vil eg grunda, og mi ånd vil ransaka.