Domarane 6:4
dei lægra seg midt imot deim og øydde grøda i landet radt burtåt Gaza, og leivde ikkje ein matbite i Israel, og ingen sau, eller ukse, eller asen.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
3Kvar gong Israel hadde sått, kom Midjan yver deim, og like eins Amalek og austmennerne;
Cross References
Genesis 10:19Og landskilet åt kananitarne gjekk frå Sidon til Gaza, når du tek leidi burtimot Gerar, og til Lesa, når du tek leidi burtimot Sodoma og Gomorra og Adma og Sebojim.
Leviticus 26:16so gjev eg dykk likt for like: då søkjer eg dykk med fælska, med sott som tærer og brenner, sykja som sløkkjer ut augo og syg magti or livet. Til fånyttes sår de ut kornet; for uvenern’ et det de avlar.
Deuteronomy 28:31Slagta vert uksarna dine med du ser på det; men du fær ikkje smaka deira kjøt; asni vert rana frå deg, og kjem aldri att; og fienden tek sauerne - ingen hjelper deg.
Deuteronomy 28:51dei et upp alt du fær av buskapen, og all di avling, til du svelt i hel, av di dei ikkje leiver anten korn eller vin eller olje, anten kalv eller lamb, fyrr dei hev fenge øydt og snøydt deg reint.
Jeremiah 5:17Og dei skal eta upp din avle og ditt brød, dei skal tyna dine søner og dine døtter, dei skal eta upp dine sauer og dine naut, dei skal øydeleggja dine vintre og fiketre, dine faste byar, som du lit på, skal dei brjota ned med sverd.
Obadiah 1:5Um tjuvar kom til deg eller ransmenn um natti - kor du vert reint til inkjes! - Vilde dei’kje stela det dei trong? Og kom dei og hausta ditt vinberg, vilde dei’kje leiva etter seg?