Domarane 7:21
alt med dei vart standande kvar på sin stad rundt ikring lægret. Då tok alt som i lægret var til å renna att og fram og hua og røma,
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Exodus 14:13Då sagde Moses til folket: «Ver ikkje rædde! Statt no her og sjå den hjelpi som Herren vil senda dykk i dag; for likso visst som de ser egyptarane i dag, likso visst skal de aldri sjå deim meir i all æva.
1 Kings 20:20og dei hogg ned kvar sin mann, og syrarane rømde, og Israel sette etter deim, og Benhadad, syrarkongen, slapp undan på ein hest saman med nokre riddarar.
2 Kings 7:7Og dei hadde teke flugti i skumingi og rømt frå tjeldi sine og hestarne og asni sine og frå lægret slik som det stod; dei hadde rømt på harde livet.
2 Chronicles 20:17Men dermed er de ikkje dykkar sak å strida, men de skal stella dykk upp og standa stilt og sjå på korleis Herren frelser dykk, de frå Juda og Jerusalem. Ottast ikkje og ræddast ikkje, men drag imot deim i morgon, so skal Herren vera med dykk.»»
Proverbs 28:1Dei gudlause flyr um ingen deim elter, dei rettferdige er som ungløva trygge.
Isaiah 30:15For so segjer Herren, Herren, Israels Heilage: Dersom de vender um og held dykk stille, skal de verta frelste, i stilla og i tillit skal dykkar styrke vera. Men de vilde ikkje.