Domarane 8:24
Sidan sagde Gideon til deim: «Eg vil beda dykk um ein ting: at de alle vil gjeva meg dei ringarne de hev vunne i krigen!» For Midjans-mennerne gjekk med gullringar; dei var ismaelitar.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Genesis 24:22Då so kamelarne hadde drukke, tok mannen fram ein gullring, som vog ein halvt lodd, og tvo gullband, som ho skulde hava kring armarne; dei vog ti lodd.
Genesis 25:12Dette er ættartalet åt Ismael, son hans Abraham, han som Abraham fekk med Hagar frå Egyptarland, terna hennar Sara.
Genesis 37:25So sette dei seg ned, og vilde få seg mat. Men då dei såg upp og skoda kring seg, vart dei vare eit ferdafylgje: det var ismaelitar, som kom frå Gilead, og førde kryddor og balsam og rosekvåda på kamelarne sine; det var dei på veg til Egyptarland med.
Exodus 12:35Og dei gjorde som Moses sagde, og bad egyptarane um sylv og gull og helgeklæde.
Exodus 32:4Og Aron tok imot gullet, og støypte det um, og laga det med beitelen, so det vart som ein kalv. Då ropa dei: «Dette er guden din, Israel, han som fylgde deg ut or Egyptarland!»
1 Samuel 25:11Skulde eg taka min mat og min drykk og slagt, som eg hev etla åt saueklypparane mine, og gjeva åt folk som eg ikkje veit kvar dei høyrer heime?»