Domarane 8:26
Då dei so vog gullringane som han hadde bede um, so var det halvonnor vog gull, umfram gullsylgjorne og øyredobborne og purpurklædi som midjanitarkongarne hadde havt på seg, og umfram lekkjorne som kamelarne deira hadde bore kring halsen.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Esther 8:15Mordokai gjekk ut frå kongen i ein kongeleg klædnad av purpurblått og kvitt ty med ei stor gullkruna, og i ei kåpa av kvitt bomull og purpurraudt ty; og byen Susan jubla og gledde seg.
Ezekiel 27:7Manglita linty frå Egyptarland hadde du til segl, til å vera ditt merke, blått og purpurraudt ty frå Elisa-øyarne var ditt soltjeld.
John 19:2Og hermennerne fletta ein krans av klunger og sette på hovudet hans og kasta ei purpurkåpe um honom, og gjekk fram for honom og sagde:
Revelation 17:4Og kvinna var klædd i purpur og skarlak og lyste av gull og dyre steinar og perlor; ho hadde i handi ei gullskål full med styggedom og med ureinska av hordomen hennar.
Revelation 18:16og segja: «Usæl, usæl den store byen, som var klædd i kostelegt linty og purpur og skarlak, og lyste av gull og dyre steinar og perlor; at so stor ein rikdom er øydd i ein time!»