Lamentations 1:18
Rettferdig er han, Herren; for eg gjorde meg hard mot hans munns ord. Høyr no, alle folk, og sjå min tunge lagnad; mine møyar og gutar for fangar burt.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Deuteronomy 28:32Borni vert gjevne til eit framandt folk, og augo dine skodar det, og græt seg såre etter deim all dagen lang; men det er ingi magt i handi di.
Deuteronomy 32:4Eit fjell er han, stød i si framferd; for rett fylgjer alle hans fet - ein trufast Gud og truverdig; rettferdig og rettvis er han.
1 Samuel 12:14Berre de no vil bera age for Herren og tena honom og lyda honom, og ikkje setja dykk upp mot Herrens bod, men fylgja Herren, dykkar Gud, både de og kongen som hev vorte styraren dykkar!
1 Kings 9:8Og um dette huset vert aldri so høgt, so skal kvar mann fæla og spotta når han framum fer; og spør ein: «Kvifor hev Herren fare soleis åt med dette landet og dette huset?»
Ezra 9:13Du, vår Gud, hev vore miskunnsam meir enn me var verde etter synderne våre, og hev late ein leivning av oss, slik som denne her, verta berga. Skulde me no etter alt som hev kome yver oss ved dei vonde verki våre, og ved den store skuld me hev drege på oss,
Nehemiah 9:26Men dei gjorde seg harde og sette upp imot deg, og kasta di lovi bak ryggen sin. Dei drap profetarne dine, som vitna for deim og vilde venda deim um til deg; dei spotta deg gruveleg.