Lamentations 1:7
Og i sin vesaldoms dagar, med ho flakkar ikring, kjem Jerusalem i hug sine hugnads-ting, som ho hadde i forne dagar. Då hennar folk fall i fiendehand, og ingen hjelpte henne, då såg fiendarne henne; dei log åt hennar tjon.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Deuteronomy 4:34eller um nokon gud hev bode til å vilja henta seg eit folk midt ut or eit anna folk, med plågor og teikn og under og ufred, og med fast hand og strak arm og store rædslor, soleis som du såg Herren, din Gud, gjorde med dykk i Egyptarland.
Job 29:2«Å, var eg som i fordums måna’r, som den gong Gud mi verja var,
Psalms 77:3Den Dagen eg er i naud, søkjer eg Herren, um natti retter eg ut handi, og ho vert ikkje trøytt, mi sjæl vil ikkje lata seg trøysta.
Psalms 79:4Me hev vorte til spott for våre grannar, til hæding og lått for deim som bur ikring.
Psalms 147:19Han hev kunngjort sitt ord for Jakob, sine fyresegner og rettar for Israel.
Isaiah 64:10Vårt heilage hus, det herlege, der federne våre deg lova, hev vorte uppbrent med eld, og all vår hugnad hev vorte grushaugar.