Lamentations 2:13
Kva skal eg vitna for deg, kva skal eg likna deg attåt, du Jerusalems dotter? kva likning skal eg finna fram åt deg til å trøysta deg med, du møy, Sions dotter? For stor som eit hav er din skade, kven kann lækja deg?
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Psalms 60:2då han stridde med syrarar frå Mesopotamia og syrarar frå Soba, og Joab kom att og slo tolv tusund edomitar i Saltdalen.
Jeremiah 8:22Finst det då ikkje balsam i Gilead, eller bid det ingen lækjar der? Eller kvi hev ikkje dotteri, folket mitt, fenge bendsel på?
Jeremiah 14:17Men du skal segja med deim dette ordet: Tårorne trillar or augo mine natt og dag og fær ikkje stogga; for møyi, dotteri, folket mitt, er ovleg sundbroti, hev fenge eit stort ulækjande sår.
Jeremiah 30:12For so segjer Herren: Ubøtande er skaden din, ulækjande såret ditt.
Jeremiah 30:15Kvi eiar du deg yver skaden din, yver at plåga di er ulækjande? For di at misgjerningi di er stor og synderne dine mange, hev eg gjort deg dette.
Lamentations 1:12Tek det dykk ikkje, alle de som fer vegen framum? Skoda etter og sjå, um ein lagnad var so tung som min - den sorgi Herren hev etla meg på sin brennande vreide-dag.