Lamentations 2:15
Dei slær henderne i hop yver deg, alle som gjeng vegen framum. Dei blistrar og rister på hovudet yver Jerusalems dotter: «Er dette byen som dei kalla «den storfagre», «ei frygd for all jordi»?»
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Deuteronomy 29:22Og når dei komande ætter, borni som veks upp etter dykk, og den framande som kjem frå eit land langt burte, ser dei ulukkor som hev råma dette landet, og dei sjukdomar som Herren hev heimsøkt det med,
1 Kings 9:8Og um dette huset vert aldri so høgt, so skal kvar mann fæla og spotta når han framum fer; og spør ein: «Kvifor hev Herren fare soleis åt med dette landet og dette huset?»
2 Kings 19:21So lyder Herrens ord, som Herren hev tala imot honom: «Ho vanvyrder deg, ho spottar deg, ungmøyi, Sions dotter, ho rister på hovudet åt deg, Jerusalems dotter.
Job 27:22Han utan miskunn på han skyt; frå handi hans han røma må.
Psalms 44:14Du gjer oss til hæding for våre grannar, til spott og spe for deim som bur ikring oss.
Psalms 48:2Stor er Herren og høglova i vår Guds by, på hans heilage fjell.