Lamentations 2:8
Herren etla øydeleggja muren for Sions dotter. Han strekte ut si mælesnor og heldt ikkje handi si att frå herjing. Og han let voll og mur syrgja; ormegta ligg dei der i lag.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
2 Samuel 8:2So vann han yver moabitarne; deim mælte han med ei snor, det vil segja: han let deim leggja seg ned på marki, og mælte med tvo snorlengder deim som skulde lata livet, og med ei snorlengd deim som skulde liva. Moabitarne vart David undergjevne og laut leggja skatt.
Job 13:21Di hand lyt burt frå meg du taka, lat ei di rædsla skræma meg!
Isaiah 5:5So vil eg då kunngjera dykk kva eg etlar meg til å gjera med vinhagen min: Eg vil riva ned gjerdet, so han vert avbeitt, brjota ned muren, so han vert nedtrakka.
Isaiah 28:17Eg gjer rett til mælesnor og rettferd til lodd, og hagl skal riva burt lygnlivdi, og skylet skal vatnet skylja burt.
Jeremiah 5:10Stig upp på hennar murar og øydelegg, men gjer ikkje reint audt. Riv av hennar vinrankor, dei høyrer ikkje Herren til.
Jeremiah 52:13Han brende upp Herrens hus og kongsgarden, ja, alle husi i Jerusalem og alle storfolk-hus sette han eld på.