Lamentations 2:9
Dei er sokne i jord, hennar portar, han hev brote og krasa hennar stengslor; hennar kongar og hovdingar er hjå heidningfolki, det bid ikkje meir nokor lov. Hennar profetar hev ikkje heller fenge nokor syn frå Herren.
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Deuteronomy 28:36Deg og den kongen du set yver deg, skal Herren føra langt burt til eit folk som korkje du eller federne hev kjent; der lyt du tena andre gudar, stokk og stein;
1 Samuel 28:6Og Saul spurde Herren. Men Herren svara honom ikkje, antan gjenom draumar eller gjenom urim eller gjenom profetar.
2 Kings 25:7Sønerne åt Sidkia drap dei medan han såg på det; so stakk han ut augo på Sidkia, batt honom med koparlekkjor og førde honom til Babel.
Nehemiah 1:3Dei svara meg: «Dei av fangarne som hev sloppe heim att og er der i jarleriket, dei lid ulukkeleg skam og skade. Muren kring Jerusalem ligg nedbroten, og portarne er uppbrende.»
Isaiah 24:12Berre øyding er leivd i byen, og porten ligg krasa i røys.
Jeremiah 39:2I det ellevte styringsåret åt Sidkia, i den fjorde månaden, den niande dagen i månaden, braut dei inn i byen.