Lamentations 4:20
Vår livsande, den Herren salva, vart fanga i deira løyngraver, han som me sagde dette um: «I hans livd skal me leva millom folki.»
Studentmållagsbibelen frå 1921
In The King James Version
In Context
Cross References
Genesis 2:7Og Herren Gud skapte mannen av mold or marki, og bles livsens ande i nosi hans, og mannen fekk ånd og liv.
Judges 9:15«Er det ålvor at de vil kåra meg til konge,» sagde klungeren, «so kom og svala dykk i skuggen min! Men er det ikkje, so skal det fara eld ut frå klungeren og øyda cedrarne på Libanon.»
1 Samuel 12:5Då sagde han til deim: «So er Herren vitne mot dykk, og den han salva er vitne i dag, at de ingen ting hev funne å krevja hjå meg.» Dei svara ja.
1 Samuel 24:6Men so fekk David samvitsagg, av di han hadde skore av kappesnippen for Saul.
1 Samuel 26:9Men David svara: «Du fær ikkje gjeva honom mein! Kven hev strafflaust lagt hand på den Herren salva?»
2 Samuel 1:14Då sagde David med honom: «Kor våga du leggja hand på den som Herren hev salva, og drepe honom?»